Moglegheit for å namngi på den nye fotballhalen

Ølen IL er i godt gang med planlegginga av ein fotballhall som vil tene lokalmiljøet i mange år framover. For å sikre ein god og stabil økonomi, tilbyr me nå lokale bedrifter høvet til å bli ein sentral del av dette prosjektet gjennom å kunne by på namnet til hallen. Hallen vil bli viktig for fotballen, og idretten elles. Me trur ein fotballhall i Ølen vil bli eit regionalt landemerke, og som bidrar til å gjere Ølen og Vindafjord til ein enda betre plass å bu.

Les meir om planane her: https://www.olenil.no/fotball/fotballhall

Ved å knyte dykkar namn til fotballhallen, vil bedrifta få synlegheit både i det lokale miljøet og i regionen elles. Dette er ikkje berre ei moglegheit til å støtte idrett og aktivitet for born og unge, men og ei god investering i merkevarebygging med langvarig eksponering.

Me ser for oss at namnet på hallen vil bli profilert på:
  • - Skilt utanfor og innanfor hallen
  • - Klubben sine nettsider og sosiale medier
  • - På arrangement og kampaktivitetar
Me vil gjerne invitere bedrifter og andre interessenter til å kome med eit tilbod på namnerettane til fotballhallen. Minimumspris er 100,000 kr/år + kostnader til skilting og anna fysisk profilering.
Avtaleperioden er på minimum fem år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare fem år

Innsending av bud:
De sender dykkar bud innan 1. desember til post@olenil.no. Inkluder beløp, namn som ønskes, eventuelle ønsker rundt samarbeidet og avtalens lengde.


Hovedstyret i Ølen IL vil så evaluere innkomne bod, og kåre vinnar innan 10. desember.
For meir informasjon, eller for å diskutere moglegheiter , ta gjerne kontakt med oss på post@olenil.no eller på mobil 98 28 68 02.

Nederst finn de dei foreløpige skissene av hallen, utarbeidd av Brødrene Mæland. Hallen vil ha ein storleik på 80x60 meter og blir lokalisert i det nye området som kommunen har regulert til idrett, like aust for SR-Bank Stadion og Klubbhuset til idrettslaget.

Me planlegg å starte bygginga tidleg neste år, med eit mål om at me frå vinteren 25/26 har ein fotballhall fylt med aktivitet gjennom heile veka.












Empty
Click + to add content