Bli med på fotballmoro i 2021!

Fotballsesongen kjem garantert til å innehalde mykje spenning, glede, meistring, sigrar, tap og mykje moro! 
Flinke trenarar, lagleiarar og støtteapparatet elles gjer det dei kan for at spelarar skal få ha det kjekt, utvikle seg og oppleve samhald og respekt.
Det blir treningar, kampar og cupar. Ølen IL har også meir å tilby.  
Les meir nedanfor om planane våre for denne sesongen. Lurer du på noko? Ta kontakt på fotball@olenil.no. 
NB! Alt blir gjennomført i henhold til NFF sine koronavettreglar, og eventuelle lokale tiltak.


Teknikkskulen: UTSATT TIL AUGUST/SEPTEMBER - NY DATO KJEM - SR-Bank Stadion

Teknikkskulen er eit nytt tilbod i Ølen IL. Her kjem det dyktige instruktørar med mange års trenarerfaring på forskjellig nivå. 

Tilbodet er tilpasse både dei som er nybegynnarar, og dei som har spelt fotball i mange år og har lyst å lære enda meir! Innsidepasningar, dobbel overstegsfinter, creuff-vendingar, langpasningar og vristskudd - her er det noko å lære for alle!
Alle mellom 8 og 14 år velkomne, både medlemmer og dei som lurer på å begynne med fotball.
Påmelding her: Påmeldingsskjema. Om du har lyst å delta alle fredagane, eller bare ein eller to - heilt flott!

Åpne fotballdagar: UTSATT TIL AUGUST/SEPTEMBER - SR-Bank Stadion: 13:00 - 15:00

Kos dåke med fotballspeling, både ungar og vaksne. Me finn fram alt av utstyr; ballar, kjegler, blinkskudd, frispark-dummies. Me lagar til fotballgolfbane, og har diverse småkonkurransar for dei som ønsker.
God stemning og åpen kiosk

Åpen for alle!

Prøv å treffe blink på den nye målveggen vår!


Tine Fotballskule: Juni (dato blir bekrefta seinare)

I fjor blei vår fotballskule kåra til Rogalands beste! Og den blir minst like bra i år! Den blir raskt fullteikna. Følg med i Grannar og på Facebook sidene til Ølen IL angåande påmelding.



Åpning av ny tribune + feiring av "Kvalitetsklubb": August (dato blir bekrefta seinare)

I fleire år har klubben jobba med å bli betre organisert, ha kvalifiserte trenarar på alle lag, og å tilby spelarar og andre trygge rammer. NFF Rogaland har sertfisert Ølen IL som kvalitetsklubb. Me feirar dette og åpning av ny tribune i august. Dato kjem med tilbake til!

Fotballdag for jenter: Laurdag 4. september kl 13:00

Mange jenter speler fotball, men me ønsker å ha fleire med. 1,5 time med fotball for både dei som aldri har spelt fotball før, og dei som har vært med nokre år.
Åpen for alle jenter mellom 5 og 12 år.

Ølen Cageball Cup: Laurdag 18. september frå kl 11:00

Cup for ungar i alle aldre i Frisk Treningssenter sin Cageball-hall. Spel fire mot fire, max 7 spelarar på kvart lag. Me kjem tilbake med meir info om påmelding i august.


Fanzone: August / september / oktober

Ein treng ikkje dra til England for å oppleve topp stemning på kamp! Me plukkar ut fleire kampar i haust kor me arrangerer «Fanzone». Her blir det konkurransar, premier, masse tilskuarar, spennande kampar og topp stemning. Garantert!


Empty
Click + to add content